Foredrag // Erkebiskop Gaute på visitas til Trondenes i 1476
Lokasjon Kirkestua
Start 17:30
I år er det 550 år sidan erkebiskop Gaute kom på visitas til Trondenes. Då vigsla han det nordre altaret i koret i kyrkja til den heilage lekamen og apostlane Andreas og Olav. Det var svært nær kontakt mellom Nidaros og Trondenes gjennom seinmellomalderen, men visitasreisa til Gaute er ei av dei få sikre kjeldene me har til at ein erkebiskop faktisk var på besøk. Kven var Gaute? Kvifor kom han på visitas akkurat i 1476? Og kva betydde eigentleg ei altarvigsling?
Feiringa av 500-årsdagen for vigslinga i 1976 var oppstarten av Trondenesdagene.
Foredragsholder: Sigrun Høgetveit Berg, professor i eldre historie ved UiT Noregs arktiske universitet.
Gratis. Etter foredraget kan du få med deg Aftensukk i Trondenes kirke kl. 19.00.